Vinnar av rebusløypa!


I sommar har det lagt ute ei rebusløype rundt alle dei åtte kyrkjene i Ullensvang kommune.
Løypa inneheldt sju poster.

 

Postane inneheldt spørsmål om livet, nokre bibelfortelingar og om den lokale kyrkja.
På kvar post var det ein bokstav å hugse. Sju bokstavar til saman som vart til eit løysingsord.
Riktig svar var BIBELEN.

Skulane fekk også tilbud om å nytta seg av løypa, noko som vart gjort av fleire klassar før skuleferien.

I løpet av sommaren har det tikka inn svar frå rebusdeltakarar rundt om i kommen.
Flest svar har det kome frå Ullensvang kyrkje og Røldal kyrkje

Vinnarane av rebusløypa er – Jesper (8 år) og Emma (13 år) Næss, frå Horten,
og 1- og 2. klasse ved Røldal Skule!

Premier vert sendt i posten

 

 

Tilbake