Salmekveld


Bli med i ei syngande kyrkje, bli med på salmekveld

 

Hei alle. Vi er i ei underleg tid, og vi gjer gjerne noko annleis enn før. I Jondal skulle vi hatt ein vanleg salmekveld kvar månad denne våren, 24/3 blei avlyst, men 22/4 ligg no ute som ein enkel video på https://www.jondalkyrkje.no/ under artikkelen Info til Jondal sokn. Flott om de deler salmekvelden vidare både på facebook, andre nettside(r) og elles. Denne gongen er nestleiar i Jondal sokneråd, Anne Røymstad, med som salmegjest. Dei neste salmekveldane vert også truleg i videoformat. Og vi inviterer enkeltpersonar til å ta kontakt, om dei ønskjer vere salmegjest.

Det er flott viss vi kan dele og kjenne eigarskap for det som skjer i kyrkjelydane våre saman. Og det er fint om vi kan dele aktive og gode måtar å formidle ting vidare til kyrkjelydane våre på, også utover nett og fb. Har vi gode idear og gode tiltak som vi enno ikkje har delt, men som gjerne kunne vore delt i stab og råd til inspirasjon og fellesskap?

Guds velsinging over tenestene dykkar der de er. Din jobb og ditt verv er kjempeviktig, også no når alt er annleis.

Beste helsing
Anne Karin Stormyr

Tilbake