Velkomen til babysong på Lofthus


Babysong er eit tilbod til alle i Ullensvang med born frå 0-2 år. Me syng kjente og kjære songar, og lærer noko nytt. Dette er for alle, om du er glad i å syngja – eller ikkje. Små born har stor gleda av musikk og rytme. Det vert god tid til lunsj med kaffi/te, rundstykke og vaflar. Eldre sysken er velkomne, gjerne besteforeldre òg! Babysong er ein del av trusopplæringa i kyrkja i Ullensvang.

Påmelding til Silje tlf. 41570875.

Pris kr. 200 pr. semester. Betal med VIPPS til Korskulen i Ullensvang 517854 og merk med Babysong.  Dersom det er spørsmål, ring gjerne, eller send sms. VELKOMMEN!

Samlingar våren 2020: 14. januar, 28. januar, 11. februar, 25. februar, 10. mars, 24. mars, 14. april og 28. april.    

Soknehuset på Lofthus: Tysdagar kl. 11.00

Med venleg helsing

Silje Lerøy Raunsgard

 

Tilbake