Kyrkjeleir på Utne for 6.-7. trinn!


Kyrkjeleir på Utne for 6.-7. trinn!


6. og 7. trinn frå Utne, Kinsarvik og Ullensvang sokn er invitert til leir med overnatting i Utne kyrkje komande helg: 21.-22. november. Dei som er døypte har fått invitasjon i posten, men alle på trinna er velkomne til å delta! Leiren er gratis- og påmeldingsfrist er 17. november.

I løpet av helga vert det aktivitetar, leikar, song, Maskorama, Taco og laurdagsgodteri. Me skal også vere med på gudsteneste i Utne kyrkje på søndag.

Me startar laurdag kl. 15. Då skal me bli kjent, utforska kyrkja, ete saman og planleggja gudsteneste. Og sjølvsagt sove i kyrkja! Men før me skal sove, skal me gå på skattejakt og sjå Maskorama i lag. På søndag er det frukost og gudsteneste. Pakkeliste sender me til foreldra etter dei har meldt deg på. 

Familie og vener er velkomne til gudsteneste på søndag! Og me avsluttar helga etter at gudstenesta er ferdig. 

Alle 11- og 12-åringar er velkomne til å vere med på leiren. Det vil seie at det ikkje er krav om å vere medlem i kyrkja for å vere med. Inviter difor med vener som kanskje ikkje har fått invitasjon i posten. Dersom det er noko me bør vite for at det skal opplevast fint for barnet ditt å vere med, gje beskjed om dette i forkant av arrangementet. Barna kan vere med utan å overnatte, ta kontakt om det dersom ditt barn ynskjer det.

Påmelding seinast innan tysdag 17.11.2026. For påmelding send SMS til Manuela (40 21 66 11).

I SMS må det stå namnet til barn og foresatt/foreldre, ev. allergiar eller andre ting me burde vite, og om foreldra kan bidra som medhjelpar eller nattevakt. Når arrangementet nærmar seg, vil det komme meir informasjon. Den 1. og den 10. som melder seg på, for ein premie i løpet av leiren! For å kunne gjennomføre leiren treng me minimum 6 påmeldte barn. Me ynskjer at føresette eller dei som hentar barnet på søndag er med på gudsteneste kl. 11.

Velkomen til ei kjekk helg!

 

Helsing Manuela og Margot-Helene

Tilbake