Ville du la dottera di gå 24 km frå Odda til Sekse for å hente vatn?
Kirkens Nødhjelp og partnaren Response Network har sørga for betre tilgang til vatn i Nampongo, Zambia. Her er Prevencia (13) ved ein av vasstasjonane. Foto: Kirkens Nødhjelp
Ullensvang Sokneråd
Sandvike vegen 11
5780 Kinsarvik
Kvar dag går jenter i mange land milevis for å hente vatn. Tida dei bruker på dette, går ut over skulegang, lekser og samvær med andre. I tillegg er dei utsette for fare på den lange vegen. Dette er noko av det de kan vere med å endre, om de støttar fasteaksjonen i Ullensvang!
Kirkens Nødhjelp skaffar årleg tilgang til reint vatn til rundt ein million menneske. Eit svært viktig bidrag til dette arbeidet er pengane som blir samla inn i fasteaksjonen. Konfirmantane våre er blant dei som bidreg til denne innsamlinga. Gjennom fasteaksjonen får dei opplæring i uretterd og behova i verda, men og at dei kan vere med å gje håp for andre.
Vi set stor pris på dykkar gåve til innsamlinga vår i Ullensvang. Pengane går til Kirkens Nødhjelp sitt viktige arbeid i dei fttigaste landa i verda. Samstundes er de med på å vise konfirmantane våre at Ullensvang støttar opp for ei meir rettferdig verd.
Verksemder som har støtta alt er: Isklar AS, Ullensvang Gjesteheim AS og Bunnpris Ullensvang.

Gi eit valfritt beløp til Ullensvang sokneråd, kontonummer 3450.33.01182
Merk gåva «Fasteaksjonen2025»
Tusen takk for dykkar bidrag!
Venleg helsing
Ullensvang Sokneråd
Sverre Kleivkås