Konsertinvitasjon i høve Allehelgen


Konsertinvitasjon i høve Allehelgen


I høve Allehelgen vil me òg invitera dykk til konserten "Ord og tonar til trøyst og håp" med Ove Danielsen og Kristin Straume Normann.

 

 

Kristin er mest kjend som Instagram-poet med kontoen @berrekristin
der ho sidan 2017 har lagt ut mange dikt til. Mange av desse dikta er samla
i dei fire bøkene ho har gjeve ut. Den siste boka kom i vår,
og heiter "Lat meg halde sorga di".

 

 

 

 

 

 

Ove Danielsen er ein artist og låtskrivar som mange frå Ullensvang kjenner til.
Med varme og ei klar røyst, formidlar han kjente og kjære songar, og også noko eigenkomponert.

 

 

 

 

 

Det er diakonimedarbeidar Margot-Helene som har invitert desse to som ho kjenner får kvar sin kant. Ho har lenge tenkt at innhaldet i songar og dikt som desse formidlar høver fint ilag, og spesielt til Allehelgen når me skal minnast dei som har gått bort. Dette er fyrste gong me får møte dei to i same konsert, så me vonar mange finn vegen til kyrkjene våre denne dagen.

 

Fredag 1. november kl. 19.00 vert det konsert i Odda kyrkje.

Laurdag 2. november kl. 18.00 vert det konsert i Ullensvang kyrkje, like etter minnegudstenesta.

Inngang: Kollekt/ frivillig gåve.

 

 

 

Tilbake