Landslovjubileet 1274 - 2024


2024 er eit stort jubileumsår i Noreg. Vi feirar at det er 1000 år sidan kristenretten vart innført på Moster, og 750 år for Magnus Lagabøte si landslov. Landslova av 1274 vart skriven i Bergen, men kva fekk lova å sei i Hardanger? Helga 16. - 17. november  inviterer Hardanger Historielag, Kyrkjene i Ullensvang og Fortidsminneforeningen Hardanger Lokallag til temadagar omkring desse spørsmåla. Laurdagen er programmet lagt til Lofthus og søndagen til Kinsarvik.

 

 

Frå Moster til Hardanger

HISTORIEDAG PÅ LOFTHUS

Denne helga inviterer vi heile Hardanger til markering av lovjubilea 2024. Nokre av våre fremste mellomalderhistorikarar kjem for å fortelje om spora etter Kristenretten og Landslova.

Påmelding via denne linken: Påmeldingsskjema Lovjubileum

Pris kr. 200,- betalast på Vipps 717069 - velg "Historiedag på Lofthus"

Du kan òg ringe tlf. 53650900 (man-tors 10.00-13.00)

Laurdag 16. november er arrangementa lagt til Lofthus. Me startar i prestegarden med registrering og omvising. Vi går opp i Ullensvang kyrkje til opningsforedrag. Kyrkja er eit kulturminne i seg sjølv, med løynde skattar både i og utanfor kyrkja. “Vår eigen” kulturvitar Guttorm Rogdaberg skal ha foredrag om Ullensvang kyrkje som vart bygt på 1200-talet. Han vil avsløra fleire spor og detaljer i bygget som går direkte til Magnus Lagabøte, eller “kongen som ville Noreg vel” som Guttorm omtalar han i sitt eige Magnuskvad. Og ute på gravplassen får vi høyra kva fleire sentrale gravminne fortel.

Resten av dagen er lagt til samfunnshuset på Krossvoll. Her får me servert lunsj. Det blir foredrag v/  John Ragnar Myking og Torgeir Landro, men også tid til samtalar og drøs. 

Program laurdag 16. november

1100     Omvising i prestegarden på Lofthus

            Arkitekt Ingebjørg Sekse

1145     Opning i Ullensvang kyrkje

1200     «Ullensvang kyrkje, kulturminne med løyndomar».

            Guttorm Rogdaberg

1300     Lunsj Krossvoll

1400     «Synd og straff – kyrkja, staten og seksualmoralen i Gamle Hardanger»

John Ragnar Myking

1500     «Kristenretten-1000 år etter»

            Torgeir Landro

1615     Lansering av Historielaget si Årbok

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tilbake