Me ønskjer velkomen til Pilegrimsstemne i Røldal 7.-9. juli! I tillegg vil du dei to første vekene i juli for fyrste gong kunne oppleva "Røldal Kultur- og Pilgrimsgard" med Tidebøner og ein liten kafè. Me set òg stor pris på at Røldalspelet "Den lange vegen" vert sett opp for andre gong, og vonar alt dette kan verke saman til at mange tek turen til Røldal, stavkyrkja og det sagnomsuste krusifikset.
Bjørgvin Bispedøme skriv på sine nettsider:
"Frå fredag 7. til søndag 9. juli er det verdt å leggje turen til Røldal om du har interesse for pilegrimsturar og heilage stader.
Røldal sokneråd og Bjørgvin bispedøme samarbeider om pilegrimsstemnet i Røldal første helga i juli. Pilegrimar frå Moster og Stavanger vert mottekne liturgisk fredag ettermiddag, og seinare på kvelden kan ein sjå Røldalsspelet "Den lange vegen".
Laurdag 8. juli vert det program heile dagen, med mellom anna morgonbøn, bygdevandring, stille time i kyrkja, krossvandring og midnattsmesse. Frå klokka 10.00 er det eit seminar kalla "Der himmel møter jord". Kulturrådgjevar i Bjørgvin bispedøme, Ragna Sofie Grung Moe leier dette møtet, og ho har stor tru på at dette blir svært bra. Deltakarane på seminaret er professor Jørn Øyrehagen Sunde, dialogprest Ann Kristin Zijp Nilsen og professor Justin Kroesen. Dei har kvar sine innlegg før dei samtaler om heilage stader - er stadane heilage eller blir dei det?"
Meir informasjon om Røldal kyrkje les: www.stavechurch.com/roldal-stavkirke/