Bli frivillig!


Det skal vere enkelt å melde seg til frivillig teneste i kyrkja! Om du trivs best med ei anonym rolle, eller ei som er meir synleg - så har me bruk for deg. Klikk HER for å melde di interesse!

 

2022 er Frivillighetens år (sjå www.frivillighetensar.no). Kyrkja har mange tilsette, men som alle andre lag og frivillige organisasjonar er me heilt avhengige av at frivillige melder seg til teneste, for at me skal ha eit godt tilbod til ulike aldersgrupper i alle sokna våre. 

Kva kan ein gjere som frivillig i kyrkja då? Jau - vi har tilbod både for born, unge og eldre. Og me skulle gjerne ha gjort meir enn vi gjer no. Kanskje du vil kome med ein heilt ny idè? Det er altså ikkje berre gudstenester kyrkja held på med. Men også i gudstenesta ynskjer me at fleire skal få vere med å prege både liturgi, musikk og utforming. 

Me har no utarbeidd eit skjema, som gjer at du svært enkelt kan melde deg som frivillig hjå oss. Når du har sendt det inn, vil diakon Margot-Helene Backer-Owe kontakte deg kort tid etterpå, for ein uforpliktande prat. Bli med oss HER.

Tilbake