Ungdomskafè i Odda og i Jondal


Ungdomskafè i Odda og i Jondal


Er du ungdom, og lurer på kva kyrkja har å tilby for deg? Her kjem ei lita oversikt over arbeid vi er i gong med, og som vi vonar kan bli meir av etter kvart som vi har fleire frivillige. 

Ungdomskafè i Odda 

Dersom du går i 8. eller 9. klasse, så er du invitert til Ungdomskafè ein gong i månaden, i Odda soknehus. Datoane for våren 2022 er ikkje satt enno. Dei som er medlemmar i kyrkja (døypte) får informasjon i posten, men kafèen er open for alle. For konfirmantar er dette ein obligatorisk del av konfirmantundervisninga. Konfirmantkafèen er ein torsdag i månaden, og ungdomskafèen for 8. trinn er ein fredag i månaden, frå kl. 18.00.- 21.00. Her har vi fått med mange kjekke frivillige som er med og bidreg til at vi kan gje dette tilbodet! Fleire av dei frivillige er sjølve foreldre til ungdom i målgruppa - og syns det er viktig å bidra til at vi har tilbod i samfunnet for ungdom som gjerne ikkje er med på idrett og musikktilbod.


"Stikk innom" i Jondal

På bedehuset i Jondal har det lenge vore arrangert ungdomskafè, som dei kallar "Stikk Innom". No vert det arrangert ein gong i månaden  - men dersom fleire frivillige melder seg, så kan tilbodet bli utvida. Vi treng hjelp til praktiske oppgåver på kjøkkenet. Det er òg kjekt om du vil spela spel og dra i gong aktivitetar eller Quiz for ungdomane, eller om du vil ha ein andakt. Ta kontakt med diakonimedarbeidar Margot-Helene Backer-Owe tlf. 924 58 915, dersom du vil bidra! Hugs at du ikkje treng å vere voksen for å vere med å hjelpe til med kiosken. :)


Ny ungdomsklubb i Odda på "Skattkammeret" - samskaping med Kirkens Bymisjon og Frivilligsentralen i Odda

Tonje frå Kirkens Bymisjon, Margot-Helene frå Den norske kyrkja, og Elin frå Odda og Ullensvang Frivilligsentral, kom så vidt i gang med ein ny ungdomsklubb, like før jul 2021. Så snart ungdom kan treffast på tvers av kohortar, så vil me halda fram med å utvikla klubben. Både Elin og Margot-Helene vil bruke litt av arbeidstida si her, medan Kirkens Bymisjon stiller med eit flott lokale på Eide i Odda (Skattkammeret). Kirkens Bymisjon får òg tildelt midlar som dei kan bruka på born og unge, noko som vil koma denne klubben til gode. Eit vinn-vinn-samarbeid som me håpar vil treffe eit behov hjå ungdom i Odda. Det er foreløbig tenkt at Ungdomsklubben har opent onsdag kveld frå kl 18.00. Skattkammeret har òg andre tilbod, som du kan lese om her: https://www.facebook.com/skattkammeretodda

I åpningstida kan du òg koma og berre "henge" på Skattkammeret. Det er ikkje berre opent for dei som skal låne utstyr.laugh

Mandag: 18-20

Tirsdag: 13-17

Onsdag: 18-20

Torsdag: 15-20

 

 

 

Tilbake