Kjære konfirmanter og konfirmantforeldre i Kinsarvik og Ullensvang kyrkjer
No gler vi oss til å ta imot nye konfirmantar. Vi har gode forventningar til at konfirmasjonstida skal bli ei fin erfaring der vi blir betre kjend med kvarandre, kyrkja og med Gud.
Søndag 19. september kl. 1100 er det konfirmantpresentasjon i Ullensvang
Søndag 26. september kl. 1100 er det konfirmantpresentasjon i Kinsarvik.
Oppmøte for konfirmantane er kl. 1030. Dersom nokon vert forhindra må dei melde frå (Leni 93018722 eller Johannes 91340828) Denne gudstenesta er obligatorisk. Familie og vener er hjarteleg velkommen!
Tysdag 21. september startar vi opp med undervisning i Kinsarvik kyrkje kl. 1410-1525. Same kveld kl. 1800 inviterer vi foreldre til informasjonsmøte i Kinsarvik kyrkje kl. 1800.
Mvh Johannes Hystad Pettersen og Leni Mæland