Studentar i praksis i kyrkja


Sidan etter påske har diakonimedarbeidar Margot-Helene Backer-Owe vore mentor for fire elevar frå Bibelskulen «Gå ut Senteret» i Trondheim.

 

Hedda, Ingrid, Sigrid Helene og Ane er fire sprudlande jenter på 19 år, som verkeleg har oppmuntra oss berre med å kome hit!

15. mai reiser dei tilbake til Trondheim, og vi i staben er utruleg takknemlege for det dei har vore med på å utretta her. I ei tid då mange av våre frivillige (som ofte er pensjonistar) har vore nødt å trekke seg tilbake grunna smitte-faren, har det vore eit friskt pust å få denne gjengen her på besøk!

Dei har blogga om korleis det har vore å koma her til Ullensvang, og HER kan du lese om dette.

Radio Folgefonn gjorde også eit intervju med jentene den 29. april, som du kan høyre HER frå ca. 14.30 minutt ut i sendinga, på den nedste lydfila. 

Dei har også ein kjekk Instragram-profil som heiter @team.odda der de kan få eit innblikk i kva for aktivitetar dei har vore med å arrangere desse vekene, og korleis livet i teamet utartar seg.

 

 

Tilbake