Det vert i år ei annleis feiring av julehelga i kyrkjene våre.
På grunna av den pågåande pandemien er kyrkjene opne for maks 50 personar, i nokre kyrkjer er det ikkje plass til så mange. Alle skal halde minst 1 meters avstand og det er merka i kyrkja kor ein kan sitte.
På julaftan vert det to gudstenester i nokre kyrkjer og andre stader vert det digitale gudstenester. Desse gudstenestene kan du fylgje frå ein link på denne sida. Gudstenestene vil vere tilgjengeleg i om lag ei veke.
Påmelding
Det er digital påmelding eller SMS til nokre gudstenester, sjå nedanfor.
JULAFTAN
Kinsarvik kyrkje kl. 13.30 og 14.30
Gudstenester v/ Johannes Pettersen. Offer til Kirkens Nødhjelp.
Digital påmelding.
Ullensvang kyrkje kl. 14.00 og 15.30
Gudstenester v/ Arnulf Sandvik. Offer til Strømmestiftelsen. Torbjørn Dagestad, trompet.
Digital påmelding.
Utne kyrkje
Digital gudsteneste v/ Jostein Skutlaberg. Open på kyrkja si heimeside frå kl. 09.00. Offer til Kirkens Bymisjon, vipps 521497.
Utne barnekor og ei gruppe frå Nå musikklag.
Jondal kyrkje kl. 14.00
Gudsteneste v/ Tom Sverre Tomren. Solstråla, musikarar frå Herand musikklag og Jondal musikklag.
Offer til Kirkens Nødhjelp. Digital gudsteneste, sjå heimesida www.jondalkyrkje.no
Digital påmelding eller SMS 91394982.
Skare kyrkje kl. 14.00 og 15.00
Gudsteneste v/ Stein Ove Skadal.
Digital påmelding.
Tyssedal kyrkje kl. 14.00
Gudsteneste v/ Arne Opsahl-Engen.
Digital påmelding.
Odda kyrkje kl. 16.00
Gudsteneste v/ Arne Opsahl-Engen. Offer til Kirkens Nødhjelp.
Digital påmelding.
FYRSTE JULEDAG
Ullensvang kyrkje kl. 11.00
Høgtidsgudsteneste v/ Arnulf Sandvik. Offer til Ung kyrkjesong.
Jondal kyrkje kl. 11.00
Høgtidsgudsteneste v/ Tom Sverre Tomren. Gruppe frå Jondal grendakor. Offer til Sjømannskyrkja.
Digital gudsteneste, sjå heimesida www.jondalkyrkje.no
Digital påmelding eller SMS 91394982.
Røldal kyrkje kl. 11.00
Høgtidsgudsteneste v/ Stein Ove Skadal. Offer til Kirkens Nødhjelp.
Digital påmelding.
Odda kyrkje kl. 15.00
Høgtidsgudsteneste v/ Stein Ove Skadal. Odda songlag.
Digital påmelding.
Kinsarvik kyrkje
Digital gudsteneste v/ Johannes Pettersen. Open på kyrkja si heimeside frå kl. 13.00.
Offer til kyrkjelydsarbeidet, vipps 505790.
ANDRE JULEDAG
Utne kyrkje kl. 11.00
Gudsteneste v/ Jostein Skutlaberg. Song og musikk v/ Sunniva Tjalvin Alvsåker og gruppe frå Nå musikklag.
Offer til Det norske Misjonsselskap.
NYTTÅRSAFTAN
Jondal kyrkje kl. 16.00
Gudsteneste v/ Tom Sverre Tomren.
Digital påmelding eller SMS 91394982.
Ullensvang kyrkje kl. 17.00
Gudsteneste v/ Arnulf Sandvik.
Torbjørn Dagestad, trompet.
FYRSTE NYTTÅRSDAG
Odda kyrkje kl. 12.00
Gudsteneste v/ Arne Opsahl-Engen. Offer til Odda sokn sitt misjonsprosjekt.