FASTEAKSJONEN 2021


FASTEAKSJONEN 2021 FOREGÅR DIGITALT I HEILE ULLENSVANG

Fasteaksjonen er den nest-største innsamlinga i Noreg, og har vorte arrangert i over 50 år.

 

Det er vanlegvis dei flotte konfirmantane våre som har stått bak bøssebæringa. Dei bankar på i nærmiljøet og saman gjev me reint vatn til menneske som ikkje har tilgong til det. I fjor blei innsamlinga heildigital og også i år må vi gjere det slik. Me set svært stor pris på om du støttar vår digitale bøsse. Reint vatn er viktigare enn nokon gong før!

Tusen takk for di livsviktige støtte!

Under følgjer dei ulike bøssene, som er oppretta via Sparebanken Vest si teneste «Spleis». Gå inn på linken under ditt sokn, og trykk «Støtt spleisen». Pengane vert sendt direkte til Kirkens Nødhjelp.

Det er kjekt for konfirmantane om du gjev direkte til spleisen, sidan dei då kan følge med på utviklinga. Du kan også støtte aksjonen på Vipps: 2426 eller gi over bankkonto: 1594 22 87493. Beløpet du gir vil uansett bli registrert i statistikken på det soknet du tilhøyrer.

Det er også til STOR hjelp om du deler spleisen/bøssa med venene dine på sosiale medier. Det er ein eigen dele-knapp for dette inne på spleisen.

I 2020 kom pandemien plutselig innpå oss, og innsamlingsresultatet vart historisk lavt. Året før, 2019, fekk vi nesten inn 100.000 kr i Ullensvang til saman! Klarar me å få eit like høgt beløp i år?

Odda sokn
www.spleis.no/oddasokn

Jondal sokn
www.spleis.no/jondalsokn

Utne sokn
www.spleis.no/utnesokn

Kinsarvik sokn
www.spleis.no/kinsarviksokn

Ullensvang sokn
www.spleis.no/ullensvangsokn

Tyssedal menighet
www.spleis.no/tyssedalmenighet

Skare sokn
www.spleis.no/skaresokn

Røldal sokn
www.spleis.no/røldalsokn

 

Margot-Helene Backer-Owe

Tilbake