Babysong i Utne - våren 2021


Invitasjon til babysong.

 


Foto: Elisabeth Emmerhof


Babysong er eit tilbod til alle i Ullensvang med born frå 0-2 år. Me syng kjente og kjære songar, og lærer noko nytt. Dette er for alle, om du er glad i å syngja – eller ikkje. Små born har stor gleda av musikk og rytme. Det vert god tid til lunsj med kaffi/te, rundstykke og vaflar. Eldre sysken er velkomne, gjerne besteforeldre òg! Babysong er ein del av trusopplæringa i kyrkja i Ullensvang.

Påmelding til Åslaug tlf. 95247296
Pris kr. 200 pr. semester. Betal med VIPPS til Korskulen i Ullensvang 517854 og merk med Babysong. Dersom det er spørsmål, ring gjerne, eller send SMS. VELKOMMEN!

Samlingar våren 2021: 03. mars, 17. mars, 07. april, 21. april, 05.mai

 

Utne kyrkje: Onsdagar kl. 11.00

 

Med venleg helsing
Åslaug Eikrem Utne

 

Tilbake