Førespurnad om dåp


Dåpen er ein av dei store dagane i familien. Dåpsdagen er ei markering og feiring av barnet som er født. Men den er noko meir. Dåp er eitt av kyrkja sine to sakrament. Det er ei heilag handling som kyrkja gjer på oppdrag fra Jesus.

Mange kjensler gjer seg gjeldande når ein er blitt foreldre: glede, takksemd, bekymringar og kanskje og litt usikkerheit. Midt i dette slepp vi å vera åleine. Vi skal få leggja barnet i Guds hender. I dåpen møter Gud oss med sin kjærleik, og vi får verta Hans barn. Bibelen syner oss at Jesus sett barna først, og Han har sagt:
La småborna komme til meg, og hindre dei ikkje! For Guds rike høyrer dei til (Markus 10.14)

Ved døypefonten får foreldre og faddere spørsmål om å oppdra barnet i kristen tru. Det handler om å la barnet få verta kjend med Jesus, og gå saman med barnet på trusvegen. Denne oppgåva er de ikkje aleine om. Kyrkjelyden har og ansvar for at barnet får opplæring i den kristne tru.

Før dåpen må de velja mellom to og seks fadrar til barnet dykkar. Ein kan velje personar som er medlem av Den norske kyrkja, eller andre kristne som ikkje forkaster barnedåpen. Fadrane skal ha fylt 15 år.

Når de har funne ein dato som høver for dykk, er det berre å ta kontakt eller melda dykk på via nettsida. Når dåpsdagen nærmar seg, vil presten kontakta dykk for å avtale dåpssamtale. Samtalen føregår normalt slik at presten møter dykk i kyrkja nokre dagar før dåpsdagen. Då får de veta litt meir om korleis dåpshandlinga går føre seg, kva som vert sagt og les. Vi snakkar òg om korleis de som foreldre kan hjelpa barnet til å oppdaga kva det vil seie å vera døytp og høyra til Jesus Kristus.

Har du spørsmål? Kontakt kyrkjekontoret på tlf 53 65 09 00 eller send e-post: post@ullensvang.kyrkjer.no 

Tilbake