Smitteverntiltak


 

 

 

 

 

Smittevernet ved gudstenester og kyrkjelege handlingar byggjer på seks hovudprinsipp:

- Sjuke personar skal ikkje delta på fysiske samlingar

- Gode rutinar for hygiene, handvask og reinhald

- Minst mogeleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr

- God avstand mellom alle som deltek>

- Tilstrekkeleg bemanning til stades>

- Avgrense tal sosiale kontaktar>

 

 

Deltakarregistrering

Eit av dei naudsynte tiltaka er pålegg om å registrera deltakarar. Difor vil det ved alle samlingar i kyrkjene, verta ført lister med namn og mobilnummer til alle som møter fram. Listene vert førte på papir og vert oppbevart i lukka konvolutt på ein trygg stad i 14 dagar. Deretter vert dei makulerte. Du kan og levera ein lapp med namn og mobilnummer. Listene/lappane vil berre nyttast dersom det oppstår eit utbrot av koronaviruset og myndigheitene ber om det.

 

 

Reglar om smittevern gjeld alle samlingar og seremoniar. Det vil seie:

- Maksimalt 50 deltakarar utanom tilsette/frivillige.>

- Registrering av alle deltakarar (namn og telefonnummer).

- Minimum 1 meters avstand, - gjeld ikkje personar i same husstand.

- Gode rutinar for handhygiene, - det vil stå spritdispensar ved inngangen.

- Du kan ikkje delta i samlingar dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon, sit i karantene eller i isolasjon.

Andre tiltak:

- For å vareta avstandsregelen vil det liggja ark med meldingen ‘Ver venleg ikkje bruk denne benken’ i dei kyrkjebenkene som ikkje
   skal nyttast. Respekter dette, og evt bruk tilvist plass frå tilsette.

- Informasjonsplakatar ved inngangsdøra og andre stader i kyrkja.

- I tillegg til spritdispensar ved inngang, vil det stå handsprit ved døypefont, talarstol, alter.

- Presten informerer om særskilde rutinar undervegs.

- Me ynskjer takkoffer på Vipps/SMS

- Evt. barnekrok i kyrkja vil vera stengd.

 

 

Nattverd - særskilde tiltak

Nattverd vert gjennomfør dersom ein finn det forsvarleg.

Me nyttar berre særkalkar.

Nattverdskalkane står på ein eigen plass, med god avstand mellom, så ein kan unngå å ta på meir enn éin. Her vil prest informera tydeleg i gudstenesta, og det er viktig at ein følgjer dei beskjedane presten då gjev.

Det skal ikkje vere direktekontakt mellom prest og dei som deltek i nattverd, av omsyn til smitte.

Hald òg minst ein meters avstand i kø fram til nattverd.

Prestane og andre tilsette har strenge rutinar på handhygiene og har behandla utstyr, brød og vin så forsvarleg som råd. Dei har og tilgang til desinfeksjon i gudstenesta.

 

 

 

Dåp

Dåp kan gjennomførast med inntil 50 personar til stades. Du kan lesa meir om dåp og melde barnet ditt opp til dåp her. Om du ikkje finn ein dato som passar, eller har andre spørsmål, ta kontakt med kyrkjekontoret.

Prestane tek kontakt med alle dåpsfamiliar som har gjort avtalar/meldt seg på, og avklarar korleis dåpen skal skje.

Dåp kan elles gjennomførast på ordinær måte. Presten går gjennom dette med foreldre på dåpssamtale.

 

 

Gravferd/Bisetjing

Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer, kapell og bedehus med maks. 50 personar til stades. Reglane om smittevern gjeld både i seremonirommet og på gravplassen/kyrkjegarden.

 

 

Vigsel

Kyrkja ynskjer å gjennomføre planlagde vigslar, men har forståing om nokon vel å utsetja til eit seinare høve på grunn av restriksjonar og smittevern. Grensa på 50 personar, samt andre reglar om smittevern gjeld også her. Ta kontakt med kyrkjekontoret om du har spørsmål til ein vigsel som allereie er avtala eller om du ynskjer å gjere ein ny avtale.

 

 

Om smittevernrettleiaren

All informasjon og alle retningsliner er i tråd med smittevernrettleiaren for gudstenester og kyrkjelege handlingar i Den norske kyrkja. Smittevernrettleiaren er utarbeidd av Kyrkjerådet i samarbeid med Bispemøtet, KA –arbeidsgjevarorganisasjon for kyrkjelege verksemder og styret i Norges kyrkjeverjelag. Rettleiaren har vore drøfta med aktuelle fagorganisasjonar i kyrkjeleg sektor og hovudverneombod for prestane.

Rettleiaren er vurdert av Barne- og familiedepartementet 02.05.2020 og er i samsvar med Folkehelseinstituttet si smittevernrettleiing. Kyrkjerådet sitt arbeidsutval har godkjend rettleiaren til bruk i Den norske kyrkja 04.05.2020, og det vert gjort oppdateringa etterkvart.

Meir info om rettleiaren (inkludert endringslogg) finn du her

Me arbeider òg etter rettleiar for reinhald av kyrkjerom.

Me viser dessutan til samleside om smittevernråd frå KA og frå Kyrkjerådet.

 

Desse tiltaka er naudsynte for gjennomføring. Me vonar likevel at gudstenester og kyrkjelege handlingar kan gjennomførast på ein god og verdig måte. Har du spørsmål knytt til dette, ta kontakt med kyrkjekontoret.

 

 

 

 

 

Tilbake