Vi har barnekor og songgrupper rundtom fleire stader i Ullensvang kommune. Ta kontakt med leiar av koret, dersom du har barn som vil starte i koret, så vil dei gje deg informasjon om neste øving. Grunna korona-restriksjonar, så er det korleiar som er mest oppdatert på kortid det vert oppstart nyåret 2022.
Barnekor på Lofthus (Barnekoret Eplesang) – onsdagar kl. 17.30-18.30
Born frå Kinsarvik, og frå heile austsida er velkomne til å vere med på Lofthus!
Koret vert leia av kantor Eva Megyesy: 955 20 899
Solstråla barnekor - øving i Jondal på kulturskulen - tysdagar 12.45-13.45
Koret vert leia av Anne Karin Stormyr, mob: 913 94 982
Utne barnekor - med tre ulike aldersgrupper - øving i Utne kyrkje to onsdagar i månaden.
Koret vert leia av Åslaug Eikrem Utne, mob: 952 47 296
Du finn meir informasjon om aldersgrupper for korene på denne oversikta HER.