Smittevern i gudstenester og kyrkjelege handlingar i Ullensvang


Me kan no samle fleire til gudsteneste og ta imot fleire til kyrkjelege handlingar. Her finn de informasjon om gjeldande reglement.

Me kan no ta imot fleire enn 100 deltakarar på gudstenester og kyrkjelege handlingar. Dette talet er overstyrt av rommet. Det betyr at krav om avstand set grenser for kor mange me får plass til. Derfor vil det vere vanskeleg å få plass til 100 deltakarar i alle kyrkjene. 
Me må enno halde minst 1 meter avstand, dette gjeld også ved allsong. 
Alle må sitje på plassen sin gjennom heile gudstenesta, utom ved dåp, nattverd, eller toalettbesøk, og ved andre høve der presten gjev beskjed.
I nokon kyrkjer kan det vere merka plassar, då må ein sitje på den merka plassen, og ein kan ikkje sitje tettare. Same gjeld om det er stolar ein sit på, dei kan ein ikkje flytte. Dette høyrest kanskje strengt ut, men det er nødvendig for at me skal kunne samlast til å feire gudstenester på ein trygg og god måte. 
Alle må framleis registrerast. De kan gjerne ta med ein lapp med dykkar namn og telefonnummer på, så går registreringa fortare.  Om de møter opp litt tidleg har me god tid til å finne plass til alle, og de slepp venta.   
Prest er ansvarleg for at gudstenester og kyrkjelege handlingar blir gjennomført i samsvar med gjeldande smittevernreglement. Spør prest om de er usikre. 
Vel møtt til gudsteneste! 
Hald dykk trygge og ta vare på kvarandre.

Maks antal tilstades i kyrkjene i Ullensvang:

Kyrkje 1m avstand 2m avstand
Odda kyrkje 130 70
Berjaflot kapell 30 20
Tyssedal kyrkje 120 50
Røldal kyrkje 40 30
Skare kyrkje 40 30
Jondal kyrkje 100 60
Utne kyrkje 70 33
Kinsarvik kyrkje 75 32
Ullensvang kyrkje 95 60